Katrine Lunde Mackenzie
Katrine er både skodespelar og klassisk songar, og debuterte på Theater An der Wien i Østerrike i 1994 med musikalen Elisabeth. Ho har sidan jobba med musikkteater og teater i ulike former og sjangrar, i både inn- og utland, i blant anna rolla som Fantine i Les Miserables og Maria i Jesus Christ Superstar.
Katrine har sitt hovudrepertoar innan musikkteatersjangeren, og er ein av initiativtakarane til konseptet MusikalDIGG. Ho har erfaring frå fleire TV-seriar og spelefilmar. Som utøvande kunstnar har ho jobba ved mange av landets institusjonar. Her kan nemnast Trøndelag Teater, DNS, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Det Norske Teater. I tillegg har ho jobba internasjonalt i Tyskland, Belgia og Storbritannia, samt produsert fleire eigne framsyningar, blant anna i samarbeid med Ragnar Hovland.
Dei seinare år har ho spelt i Namnet av Jon Fosse ved Hordaland Teater, Illusjoner av Ivan Vyrypaev produsert av Cornerstone, stemoren i Askepott av Maria Kjærgaard- Sunesen på DNS, i Cabaret ved Rogaland teater, Tordivelen flyg i skumringa ved Det Vestnorske Teateret og i Raudhette og Ulven ved Teater Vestland. No er ho aktuell i Assassins av Sondheim ved DNS. Katrine er tilsett i Skuespiller- og danseralliansen sidan 2019.