Morten Espeland, født på Stord og busett i Oslo. Utdanna ved skodespelarlina på Statens teaterhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo i 1998. Har sidan 2010 spesialisert seg i Viewpoints og The Suzuki Method of Actor Training. Skipa i 2014 scenekunstkompaniet YMIST. saman med koreograf og regissør Erlend Samnøen. Dei utforskar spenningsfeltet mellom samtidsdansen og skodespelaren si førestellingsevne, i prosjekt der det tekstlege utgangspunktet ikkje er dramatiske tekstar.
Espeland vart tildelt Heddaprisen for Beste mannlege birolle i 2008 for Peter Karpati i Den arabiske natta, og nominert til Heddaprisen i kategorien Fremragende sceneprestasjon i 1999 for Guten i Den 25. timen.
Han har arbeidd mykje med ny dramatikk (t.d. Jon Fosse, Arne Lygre, Maria Tryti Vennerød, og Erik Fauske). Tilknytt Det Norske Teatret (1999-2012), Nationaltheatret, Rogaland Teater, Riksteatret mfl. Har gjesta scenar i New York (Brooklyn Academy of Music og New York Live Arts), Bonn, Vilnius og New Dehli. Besøk gjerne YMIST. si heimeside. Kan kontaktast på e-post eller telefon.
Morten Espeland