Silje Breivik

Skuespiller, Kvinne, 44 år, Oslo
Alt
Engelsk
Fysisk teater
Grotowski
Kostymer
Scenografi
Vestlandsk
Bio
Silje er hausten 2018 aktuell i Netflix fimen 22July der ho speler mor. Ho er også aktuell som stuepiken Jorun i Hotell Cæsar Og som Frosken i Frosken og venane hans hans av Teater Spillebrikkene.
Silje Breivik er 42 år gammal og kjem frå Langevåg utanfor Ålesund. Ho har budd i Oslo dei siste 18 åra. Ho vart utdanna ved Liverpool Institute for Performing Arts 1996-99. Sidan då har ho arbeidd som frilans skodespeler, hovedsakleg med teater, men også ein del TV, film, radio og lydbok.

Ho begynte ved Grusomhetens Teater i 2000 og har gjort fleire produksjonar for dei, mellom anna Fjeldfuglen, Thomasevangeliet og Peer Gynt. Fjeldfuglen har fått internasjonal oppmerksomheit og har blitt spela både i India, Tyskland, Polen, Storbritannia og Frankrike.

Breivik har også gjort fleire produksjonar ved Transiteatret i Bergen, mellom anna Maktens Anatomi og Walk Cat, Walk!
Ho har jobba eit år ved Hordaland Teater i Bergen og ho har vore med på samproduksjonen Saman skal vi leve mellom Sogn og Fjordane Teater og Riksteatret 

Ho har turnert mykje med den kulturelle skulesekken med grupper som Teater Spillebrikkene i produksjonane Frosken og vennene hans, Lydvingens Lydløse Oppdrag, Pokertrynet og Herr Tikk Takk tar Tiden, ved Teater Grimsborken i Kainos sang, hos Petra Produksjoner Fra ei kus dagbok og Hvem kan vel sove da? og i Blendwerk sin produksjon Backfish. Ho har også jobba ved Brageteatret  i produksjonen Broene av Fredrik Hannestad og Brødrene Løvehjerte (regi Atle Knudsen)
Av film og TV seriar har ho vore med på Bølgen (Fantefilm), Anne+Jørgen=Sant (Cinenord Kidstory), Helt Perfekt (Feelgood), Vaffelhjarte (NRK Super), Koselig med peis (Tordenfilm/NRK) og Brigaden (NRK Drama), og ho har vore med i fleire kortfilmar og novellefilmar, mellom anna Ediths glass-slott, Torpedo og Malabar (alle ved Via Film).

Silje Breivik har jobba ved Radioteatret i Knut Gribb, gjort ein dramatisert versjon av Faust for Cappelen Damm, lest fleire lærebøker for Aschehoug og Gyldendal, fleire barnebok-appar for Samlaget, og ho har lest inn fleire romanar (Billie av Anna Gavalda, Mi brilliante venninne, Historia om det nye namnet, Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet av Elena Eerrante) og ei novellesamling for Lydbokforlaget.
Hør lydfiler med Silje Breivik her:
Foto: Jan Skomakerstuen
Bilde
9

ARRANGEMENTER

27
Nov

Ingeleiv Berstad

Scenekunstnerne Ida Wigdel, Lisa Lie, Ingeleiv Berstad og Kristin Ryg Helgebostad går sammen i ...