Velg større eller mindre skrift:

For å få lest opp tekst: Merk teksten og klikk på den blå knappen over.

 

SIlje Onstad Hålien har vært ansatt i SKUDA siden mai 2015. I 2025 er hun utpekt til ambassadør for Dansens Dager. Her kan du lese intervju med SIlje som forteller om sitt kunstneriske virke som danser og koreograf og hva det å være ambassadør for Dansens Dager innebærer.

Du er utpekt til Norges Dansens Dager-ambassadør for 2025 Silje! Så stas! Hvordan var det å få den tittelen og hva innebærer det?

-Det var virkeleg stas og ei ære!

Arbeidet handlar fyrst og fremt om å lage ein koreografi; årets Dansens dager - dans. Deretter filme instruksjonsvideo. Denne har vorte sendt ut til danseskuler, høgskuler, folkehøgskuler og andre danseforum, og så kuliminerar det i ei stor feiring på Operataket fredag 25. april der over 300 skal danse denne dansen.

Sidan musikken er så avgjerande i folkedans fekk eg med meg komponist Erlend Viken, og med stjernemusikarar i studio vart det skreddersydd ein heilt eigen låt. Den innspelingsdagen av låta i studio er ein av dei finaste dagane på jobb i 2024, då fekk eg lyst til å bli heiltidsmusiker, hehe.

Ellers handlar arbeidet mykje om å fronte verdiane av dans i ulike kanalar, stille opp på ulike intervju og halde ein appell under feiringa på Operataket.

Hvem er du som kunstner? Beskriv kunstneren Silje Onstad Hålien.

-Dansar og koreograf, opprinneleg frå Valdres, bur i Oslo. Base i folkemusikk og folkedans og særleg interessert i samspelet mellom levande musikk og bevegelse.

Skapar eigne forestillingar som turnérar festivalar, kulturhus og skuler/barnehagar. I 2025 er det forestillingar med: Livmødre (Mamelukk), The Dancers´Brew (Mamelukk/The Alehouse Session), Òme, Sykkeli Lykkeli og Danse! sa fela.

Regisserar/koreograferar fullt orkester gjennom prosjekt i Musikk i Innlandet, har koreografi på ulike spel (Bronsebukkene i år, Peer Gynt på Gålå ifjor) og er kunstnerisk leiar for kompaniet Mamelukk, som består av kvinnelege hallingdansarar.

Hva og hvem jobber du med akkurat nå?

-No jobbar eg med Òme, vi har akkurat vore på Danserom i Bergen og skal vise utdrag i Oslo neste veke. Òme er ein danseduett med felespelar Sivert Holmen som strekker konseptet med bevegeleg musiker lengre enn eg nokon gong har gjort.
Óme6 Knut Utler
Fra forestillingen Òme. Foto Knut Utler

Ellers skal Mamelukk lage nye forestillingar det komande året, så det er hardcore administreringsarbeid om dagen for å forberede desse, og preppe sumarens gjestespel på Førdefestivalen, Edinburgh og BBC Proms i England.
Eg har alltid fått tyn av Rudi (fagkonsulent i SKUDA) for at eg er så dårleg til å lage heimesider/reklamere i sosiale media, derfor var eg skikkeleg fornøyd med å danse på NRK – scenen med Naaljos Ljom i februar. Ingen heimeside fortsatt, men Mamelukk har hvertfall ein slags showreel på NRK, det får kompensere litt.

Hvilke er de viktigste personlige ressursene du må hente frem i deg selv i ditt arbeid som utøvende/skapende kunstner?

-I skapande arbeid der eg har kunstnerisk ansvar kjem eg veldig ofte tilbake til «å stole på prosessen», som ofte også handlar om å stole på eigen evne til å ta dei gode valga når det trengs. Hvis det er kort prøvetid har eg tidlegare forberedt meg ihjel for å dekke alle eventualitetar. No er eg mykje tryggare på evna til å bruke intuisjonen i augeblikket. Ta vare på impulsane som oppstår der og då, og samtidig ivareta visjonen som ligg i botn.

Som utøvar hentar eg fram årvåkenheit (ai, for eit forferdeleg nynorskord). Påkobling og nærvær. Radikal lytting til musikken, søke møtepunkt.

Foto Knut Utler barokk mamelukk silje oh 7Fra forestillingen Mamelukk. Foto Knut Utler.

Hva betyr ansettelsen i Skuespiller- og danseralliansen inn i din frilanskarriere og ditt kunstnerskap?

-Skuda er ei enorm tryggheit i kvardagen for meg, og hovedgrunnen til at eg ikkje vaknar med økonomiske angstanfall av boliglånet. Skuda gir meg samlingspunkt og følelse av kollegium, både i form av personalsamlingar, Skuda – koret, kurs og mentorprogram. Har også satt veldig pris på personalsamtaler med Tone(daglig leder i SKUDA). Alt dette gir meg ein følelse av at eg er i eit nettverk, og har tilhørigheit.

Eg har født 3 barn mens eg har vore ansatt i Skuda, og alliansen har i stor grad vore avgjerande for at eg har kunna kombinere kunstnerkarriere med familieliv. Sidan eg bomma på barnehageopptak kvar einaste fødsel, var Skuda ekstra god å ha i påvente av barnehageplass. Og seinare har det gitt meg fleksibilitet til å kunne vere meir tilstades i perioder utan turnè, så det blir ein slags balanse ved at eg til tider er borte frå familien.

Hvilke ringvirkninger tenker du kommer ut i samfunnet av SKUDAs totale virksomhet?

-SKUDA infiltrerar alle krikar og krokar av kunst og kulturliv, med over 100 kunstnarar som jobbar på så utruleg mange forskjellige måtar og med ulike nedslagsfelt. Så alt Skuda bidrar med til oss av kompetanseheving, kurs og utvikling vil vidare slå inn i alle desse prosjekta.

Ved at kunstnarar kan stå i utøvande jobb mykje lenger, og ha meir bærekraftig karriere, kan vi vere ein motvekt til tendensen av at mange (særleg dansarar) legg opp i 40-åra. Og dermed vil Skuda sikre eit mangfold av kroppar, stemmer og måtar det kan bli formidla på.

Så kan til og med slitne 3-barnsmødre lage forestillingar om å vere slitne 3-barnsmødre, i staden for å legge opp som danser fordi livet blir for slitsomt. Og slitne foreldre i publikum kan få forestillingar dei kjenner seg veldig att i.

I tillegg vil Skuda trekke standarden opp i feltet ved å kreve gode kontrakter. Påvirke politisk til å sørge for gode rammer for frilanskunstnere. For ikkje å gløyme folkehelse!

Meir bevegelse og kunst til folket gir inspirasjon til meir bevegelse, trekker folk bort frå skjermen og inn i fysiske rom, inviterar til fellesskap, kunstnere underviser og bringer vidare verdiar av kunst og bevegelse osv.

Hvilke ønsker har du for kunst- og kulturlivet framover?

-At FRP aldri kjem til makta og raserar Norsk kulturfond. At vi satsar meir på kunst og kultur for alle aldre (kvar er den nasjonale satsninga på DKS i barnehagar), kunstfagleg styrking i skuler, ikkje legge ned musikk, dans og dramalinjer fordi ein eller annan tallknuser har spytta ut raude svar. Tenk om vi kan få fleire til å verne om kunst og kultur som samfunnsverdi, slik at vi kan få den kulturelle opprustninga alle pratar om.

-Egoistiske ønsker:

Bedre infrastruktur og fleire turnéorganisasjonar i scenekunstfeltet, som gjer det lettare å ta forestillingar på turné. Pr no er det tungt å administrere gjestespel og turné, det er nesten lettare å lage nytt enn å spele det som allereie er produsert. Tullete og lite bærekraftig.

Ei støtteordning som gjer at eg kan lønne produsenten min i eit meir langsiktig perspektiv, ikkje kun frå prosjekt til prosjekt. Å finne ein produsent eg jobbar tett med har vore ein virkeleg game-changer for meg, ved å fordele det administrative arbeidet har vi kunne auke både produksjon og spelefrekvens betrakteleg.

Fra forestillingen Livmødre. Foto Marte Glanville 
Livmødre Marked for Musikk 2023 Foto Marte Glanville 17

 




Våre eiere

sponsor-01 sponsor-2  sponsor-3

Besøk oss på:

           

22 46 15 35
post@skuda.no
 
 

SKUESPILLER- OG DANSERALLIANSEN AS
Brenneriveien 5, 0182 Oslo
org.nr. 998 627 893


Content © Skuda.no. Webdesign ©2023-24 Web Norge.
Brukerpreferanser for informasjonskapsler
Vi bruker informasjonskapsler for å sikre at du får den beste opplevelsen på nettstedet vårt. Hvis du avslår bruken av informasjonskapsler, kan det hende at denne nettsiden ikke fungerer som forventet.
Aksepter alle
Avslå alle
Sporing
Quantcast
Aksepter
Avvis
Analytics
Verktøy som brukes til å analysere dataene for å måle effektiviteten til et nettsted og for å forstå hvordan det fungerer.
Google Analytics
Aksepter
Avvis
Annonsering
Hvis du godtar, vil annonsene på siden bli tilpasset dine preferanser
Google Ad
Aksepter
Avvis
Lagre