…eller frå (fortvila:) «A(ch)!» til (eksaltert:) «Å(h)!»
Kva inneber eit innlesingsoppdrag? Kva må eg kunne/ha/gjere for å bli ein god innleser? Kva kan eg få ut av å vere innlesar? Korleis kan eg ha det godt som innlesar?
Dersom du i tankane har sveipa innom eitt eller fleire av desse spørsmåla, er sannsynlegvis dette kurset noko for deg.
Sted: Leirbålet lydproduksjon, Brenneriveien 5 (2dre etasje), 0182 Oslo
Dato og tid: 27.10 kl 9-12, 29. og 31.10 kl 9-13
Pris: kr 950
Søknadsfrist: 21. september 2025
Søk her: Innlesing – frå førebuing til ferdig lydbok - Norsk Skuespillersenter
NB! SKUDAs ansatte søker internt i SKUDA, se Intranettet
Velkommen til kurs i lydbokinnlesing med Roald Hellum Madland fra Leirbålet lydproduksjon!
Å bli ein god lydbokinnlesar handlar mellom anna om å bli kjend med kor intimt formatet er, og finne ut korleis du kan bruke tekstforståinga di og ferdigheitene dine til å formidle tekst levande og truverdig, i eit lite rom, kor ingen ser deg. Me kjem til å gå gjennom litt teori, jobbe praktisk med å analysere tekst på lydbokvis, og prøve å finne fram til den naturlege, lette, engasjerte lydbokforteljarstemma di.
Kurset tar sikte på å gi deg ei kortfatta teoretisk innføring i lydbokfaget, og ein smak av erfaringa du treng for å kunne ta på deg lydbokoppdrag for forlag. I løpet av kurset produserer me nokre leseutdrag til ein høg standard saman, som du kan bruke til å marknadsføre deg sjølv, og som Leirbålet lydstudio kan bruke til å promotere deg overfor forlaga når me får bøker til casting.
Forberedelser
Ingen forberedelser i forkant av kursstart, men deltagerne må ha mulighet til å gjøre noe arbeid/forberedelser mellom kursdagene.
Lunsj
Vi serverer kaffe og te, og du er hjertelig velkommen til å ta lunsjen din i Skuespiller- og danseralliansens lokaler (vegg i vegg med Leirbålets studio) ved kursslutt alle 3 kursdager.
Instruktør
Roald Hellum Madland (f. 1979) har jobba med tekst og formidling i lydbokfaget sidan 2010, under høvesvis Norsk Lyd- og blindeskriftbibliotek, Lydbokforlaget/FABEL og Leirbålet, og har gjennom dette fått gi regi, rettleiing og kurs både på tomannshand og i grupper i ein heil tenåringsalder. Han drassar med seg eit mellomfag i nordisk språk og litteratur frå det som den gong heitte Høgskulen i Stavanger, og ein bachelorius-grad i Sound Arts & Design frå University of the Arts i London.
Leirbålet lydproduksjon leverer ei komplett produksjonsteneste for forteljingar på lyd til den norske forlagsverda. Leirbålet starta opp hausten 2022 med mål om å høgne kvaliteten på norske lydbøker. Det søker me å oppnå gjennom å jobbe systematisk med tekst og formidling innafor eit tydeleg rammeverk i profesjonelle lydstudio, og gjennom å produsere i eit universelt utforma format som legg til rette for ei framtid der alle kan bruke dei same løysingane – uansett om dei er avhengige av hjelpemiddel eller ikkje.