Morten Espeland har vært ansatt i Skuespiller- og danseralliansen siden 2014. Nylig hadde scenekunstkompaniet Ymist som Morten driver sammen med Erlend Samnøen premiere på forestillingen Døden i Venezia på Tou Scene i Stavanger.
Vi har tatt en prat med Morten om forestillingen og hans kunstneriske virke.
Gratulerer med vel overstått premiere og visninger av forestillingen Døden i Venezia, Morten!
Du jobber sammen med Erlend Samnøen i gruppen Ymist.
Foto Erlend Samnøen
Fortell litt om Døden i Venezia og hvordan dere jobber.
Døden i Venezia (som skal spelast på Nationaltheatret 26.–28. mai og i Arendal 22. juni) tek utgangspunkt i kortromanen av Thomas Mann med same tittel. Det er historia om den middelaldrande forfattaren som for å tvinga seg ut av ei kreativ tørke tek seg ein spasertur i parken, berre for å møta døden kledd i gul dress. Kva gjer han? Han agerer som mange av oss når livet gjer seg ubehageleg; reiser til Syden. I Venezia driv dei mange forsøka hans på å fortrenga sitt eige forfall han inn i ein kvervel av sjølvbedrag mot avgrunnen. Han let blikket falla tungt på den 14 år gamle guten Tadzio. Han gjev slepp på sjølvinnsikta og eigen moral og let seg fortæra av begjæret etter den gudevakre guten. Det går som det må gå (tatt tittelen i betraktning) han døyr ein einsam og miserabel død med augo fiksert på den vakre. Framsyninga tematiserer det å stå framføre undergangen og ikkje villa ta dette livsvilkåret innover seg.
I Døden i Venezia er det tre utøvarar på scena; musikar og komponist Nils Jakob Langvik, dansar Erik Rulin og meg sjølv – som er den som talar teksten. Framsyninga prøver å dyrka dei ulike utøvarrollene sin eigenart, og deira unike perspektiv på det tekstlege førelegget.
Ymist er eit samarbeid mellom Erlend Samnøen, koreograf og regissør, og meg sjølv. Framsyningane våre tek alltid utgangspunkt i eit litterært verk med særlege språklege kvalitetar. Denne freistar me å utsetja for eit koreografisk språk eller narrativ som har sin eigen vilje og integritet. Håpet er at denne doblinga, saman med teateret sine andre verkemiddel (ljos, musikk, scenografi), skapar eit resonansrom der publikum kan oppleva tekst og rørsle som eit fleirstemmig og heilskapleg – eit sanseleg og emosjonelt verk – som låser opp for deira eigne frie assosiasjonar. Me prøver å ikkje gje for store føringar for kva publikum skal oppleva, tolka eller forstå. Samstundes er framsyningane formsterke og tydelege.
I godt lag slår me oss sjølve på brystet over kanskje å vera det beste frie scenekunstkompaniet i verda som utelukkande brukar nynorsk som scenespråk.
Morten Espeland i Døden i Venezia, foto Kjersti Alm Eriksen
Hvem er du som kunstner? Beskriv kunstneren Morten Espeland.
Eg set skodespelaren sin teknikk høgt, og evne til gjennomleving sentralt. Eg er svært oppteken av møte med publikum, det useielege som oppstår i dialogen mellom sal og scene, og eg vil røra publikum emosjonelt. Eg trur på emosjonen som middel til erkjenning og refleksjon, så for meg er teateret fyrst og fremst eit sanseleg og opplevande rom. Ymist er ein arena eg brukar til å undersøkja utøvarrolla og utvida forståinga for kva det vil seia å gestalta ein karakter, ein tekst eller ei rørsle.
Hva og hvem jobber du med akkurat nå?
I tillegg til å spela Døden i Venezia i mai og juni er eg på Teaterhøgskolen (KHiO), der eg er fyrsteamanuensis i skodespelarfag. Me er i gang med opptak og å laga ny studieplan for bachelorutdanningane våre.
Me er også i gang med å planlegga Ymist sin neste produksjon Melancholia I og II, som bygger på Jon Fosse sin store dobbeltroman om landskapsmålaren Lars Hertervig.
Hvilke er de viktigste personlige ressursene du må hente frem i deg selv i ditt arbeid som utøvende/skapende kunstner?
Mine eigne røynsler som menneske, mitt eige perspektiv på livet, og min måte å agera på. Og for ikkje å gløyma skamma! Den er det aller viktigaste kunstnarlege drivstoffet mitt. Både skamma over å vera eit utilstrekkeleg menneske og skamma over at eg likar å visa meg fram på ei scene. Det siste er jo veldig pinleg, vaksen mann som eg er.
Hva betyr ansettelsen i Skuespiller- og danseralliansen inn i din frilanskarriere og ditt kunstnerskap?
Eg vart tilsett i 2014 og stillinga har gjort to ting for meg; sikra meg økonomisk, og gitt meg eit meir holistisk syn på kva det vil seia å vera utøvande og skapande scenekunstnar. Det fyrste var venta, det andre ikkje.
Hvilke ringvirkninger tenker du kommer ut i samfunnet av SKUDAs totale virksomhet?
Eg vonar det fører til betre kunst og meir reflekterte kunstnarar. Å vera tilsett i SKUDA er eit stort privilegium, og eg vonar me som gruppe greier å gje meir attende enn det me får. Både gjennom kunsten vår, og på andre måtar.
Hvilke ønsker har du for kunst- og kulturlivet framover?
Eg ynsker dei gode støtteordningane til det frie feltet vert halde ved like, og helst bli styrkt. Og at dei store scenekunstinstitusjonane senkar dei vanvettige billettprisane sine. Dei er rett ut usømelege. Men aller mest ynskjer eg ein skog av ulike og særeigne uttrykk som kjem publikum i møte – sjenerøst og med sjølvtillit.
Bio:
Morten Espeland er skodespelar, og fyrsteamanuensis i skodespelarfag ved Kunsthøgskolen i Oslo, og tilsett i SKUDA sidan 2014. Han gjekk ut frå Statens teaterhøgskole (KHiO) i 1998. I 2008 fekk han Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i DEN ARABISKE NATTA. I 1999 vart han nominert til Heddaprisen i kategorien Fremragende sceneprestasjon for Guten i DEN 25. TIMEN. Han har medverka omlag 60 ulike sceneproduksjonar både på institusjonsteatera og i det frie feltet.